Å nemne kjeldene
Når du hentar noko frå bøker eller Internett til
ei skuleoppgåve må du skrive i oppgåva kor du har funne informasjonen. Det
gjeld òg det du finn her på Heimbygda. Lag ei
liste, eit kjelderegister, over dei sidene du har henta
stoff frå. Det skal stå heilt sist i oppgåva.
Dette er viktig å skrive opp i kjelderegisteret
- Tittelen på sida (Her: Heimbygda)
- Året då sida vart sist oppdatert (Sjå
oppdateringsdatoen i venstre ramme)
- URL (nettadresse) til sida
- Nedlastingsdatoen (då du gjekk inn på sida)
På Heimbygda er det same URL til alle sidene. For å få fram akkurat kva for
ei side du har brukt kan du skrive opplysningane slik:
Heimbygda (årstal): <Emne>; <Underemne>; <Forteljing>. URL:
http://www.heimbygda.no. [Lasta ned
dato.månad.år]
- uansett du skriv tittelen på spørsmålssida,
Døme: Heimbygda (2009): Mat; Kvardagsmat; Kjøt og fisk. URL:
http://www.heimbygda.no/. [Lasta
ned 24.05.09].
Sitering
Viss du siterer tekst frå Heimbygda, det vil
seie skriv noko akkurat slik det står, må du
1. Skrive
desse orda i kursiv.
2. Skrive namnet på forfattaren (her:
"Heimbygda") og
nedlastingsdato i parentes rett etter teksten.
3. Hugse å skrive alle opplysningane om sida
i kjelderegisteret, sjå over.
Døme:
Mjølk frå ku eller geit har alltid vore viktig
både til drikke og matlaging i Hallingdal. (Heimbygda. Lasta ned
24.05.09).
I kjelderegisteret: Heimbygda (2009): Mat; Mjølk. URL:
http://www.heimbygda.no. [Lasta ned 24.05.09]
Indirekte sitat
Viss du vil nytte ei forteljing som Heimbygda sjølv har sitert (døme)
må du skrive sitatet slik som over, men i parentes skal det stå namnet til
den opphavlege forfattaren og årstalet då boka/artikkelen vart skrive.
Slaktedagen stod me ungane med nasen
mot glaset for å vera den fyrste som oppdaga Bergahagen der han kom
vabbande gjennom snøen i høge lêrstøvlar, våmmålsbrok, ei godt
patinert skinnjakke og bremluve og med ein rupesekk på ryggen (Moslåtten, 2004).
I kjelderegisteret: Moslåtten, Arne (2004). Hallingdøl: Minne frå dalen,
s. 47-49. Sitert på nettstaden Heimbygda: Mat; Kvardagsmat; Kjøt og fisk. URL:
http://www.heimbygda.no
[Lasta ned 24.05.09]
Bruk av bilete
er noko for seg. Her er
det ofte andre personar eller institusjonar som har rett
til å bli nemnt. Brukar du eit bilete, så ta med dei namna du finn
under biletet
og skriv "Henta frå
http://www.heimbygda.no". Døme:

Foto: Helge Strand
/ Ål bygdearkiv
Henta frå http://www.heimbygda.no
Hugs: Du kan ikkje legge eit bilete frå
Heimbygda ut på ei eiga nettside eller dele det ut til andre (i utskrift
eller på internett) utan å spørje
oss fyrst. Heimbygda kan gi deg kontakt med fotograf eller fotografen sin
familie, som har retten til biletet.
Mange bilete er lånt frå Ål bygdearkiv. Også her er det fotografen eller
fotografen sin familie som har retten til biletet! For å sjå originalen,
kontakt bygdearkivet på telefon 32 08 50 91.
NB: Hol bygdearkiv har rettane til bileta til Sigvat Tveito, m.a.
dette.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Synne på tlf. 32 08 51 23, eller epost:
synne.fredriksen@aal.kommune.no
Kjelder til denne sida:
NB - denne sida er lagt ned, og me leitar etter ei erstatning å vise til.
14.11.11
Skolenettet (2006). Inn i jungelen: Kildekritikk.
URL:
http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Overview.aspx?id=27518&epslanguage=NO.
[Lasta ned 25.08.08]
|