Ål i år 1900

Sundre i 1897
Foto:
Hans Kaasalien / Ål bygdearkiv
Kan du tenkje deg eit liv utan
telefon, asfaltveg og elektrisk lys i mørkret? Desse tinga var ikkje vanlege for
vel 100 år sidan.
På mange vis var det vanskelegare å klare seg i kvardagen i år 1900. Men etter kvart
kom oppfinningar og nyvinningar.
Elektrisitet, tog og vegbygging gjorde særskilt
mykje for utviklinga i Ål. Det vart lettare å nå kvarandre - og omverda.
Veit du om fleire viktige
hendingar?
Kontakt oss!
Reiskapar
Vegar og jernbane
Butikkar
Telefon og post
Organisasjonar og arrangement
Straum
Bygningar og institusjonar
Bøker og avisar
Andre viktige hendingar - frå 1845 til 1940
Kjelder
Reiskapar
(ABS2 s. 243-244)
Ålingane var ikkje så raske til å prøve nye oppfinningar. Det gamle var
velprøvd, godt og billig. Særleg gjaldt dette arbeidsreiskapar. Tre var
bytta ut med jern, men treskemaskinar, plogar og sager gjekk framleis med
hand- og hestekraft. Langt ut på 1900-talet fanst det dei som treska med
tust, eit spesielt handreiskap.
Rett før århundreskiftet kom radsåmaskinen og separatoren (s. 254), og i 1900 slåmaskinen.
Seinare
Med elektrisiteten i 1914 kom maskinane inn i landbruket. Bøndene kunne kjøpe seg
elektriske gardsmotorar til treskemaskinar, kappsagar og
andre nyttige hjelpemidlar. Dette var det òg eindel folk som venta med.
Pengane hadde nok ein del å seie for dette valet.
Vegar og jernbane
(ABS2 s. 290-298)
I 1900 var køyrevegen (kjerreveg) gjennom Hallingdal vel 70 år gamal, og utbygging av bygdevegar og stølsvegar
var godt i gang. Det hadde kome jarnbane mellom Krøderen og Drammen
(og Kristiania), og denne kunne hallingane bruke. Om vinteren, når
Hallingdalselva og Krøderen var islagte, kunne dei køyre med slede. Hest og
kjerre eller slede var skyssmiddelet langt ut på 1900-talet.
Seinare
Ål måtte vente på toget til 1909.
Bergensbanen vart høgtideleg opna 27.
november. Toget stod på Ål stasjon i nokre minutt, til stor glede for ålingane.
Med toget kom det mange endringar, særleg når det gjaldt handel og frakt
av varer.
Den fyrste bilen kom til Ål rundt 1913. I 1921 var hovudvegen heilt open for
biltrafikk.
Fram til 1933 hadde skysstasjonar frakta folk med hest mot betaling. Men
bilen tok over, og den siste skysstasjonen vart nedlagd i 1933.
Butikkar
(ABS2 s. 285-287)
Ål hadde fått nokre få krambuer (butikkar) i 1900. Dei selde alt
mogeleg, frå såpe til tobakk. Nett som i dag var dei
fleste butikkane på Sundre. Aals Præstegjelds Sparebank, som kom i
1870, lånte ut pengar. Dei gjorde det lett å starte ny handel.
Seinare
I 1920
kom dei fyrste sylvrevane til Ål, og fleire og fleire starta med
pelsavl. Denne butikken sette Ål på noregskartet som sylvrevsbygd og hjelpte
kommunen i tunge økonomiske år.
i 1928 opna det fyrste meieriet i Ål, Hallingdal meieri (s. 278).
Tidlegare fanst det ikkje sal av mjølk, berre av mjølkeprodukt.
I 1979 kom den fyrste minibanken til Ål, i Aal Sparebank
(Haug 1995 s. 39)
I 1985 vart Ålingen kjøpesenter
opna
(Haug 1995, s.55).
Telefon og post
(ABS2 s. 298-300)
Folk flest hadde ikkje telefon, sjølv om den aller fyrste telefonlina i
Ål - til Oslo og Drammen - var ferdig.
Posten var det den kommunale "postopnaren" som tok seg av.
Seinare
I 1913 var det 18 telefonabonnentar i Ål, og det tok fleire tiår før
alle grendene fekk tilgang til telefon.
Organisasjonar og arrangement
Kommunen hadde i 1900 fått fleire typer idrettslag (s. 384), fråhaldslag og ungdomslag
(s. 376). Det var jamlege krøterutstillingar.
Utanom desse organiserte laga trefte folk kvarandre på festar og andre
tilstelningar, gjerne i samband med høgtider eller stølsliv. Og bygdefolket
gjekk gjerne på besøk til kvarandre.
Seinare
I 1911 starta den årlege Ål-utstillinga. (Haug, 1995 s 70).
I 1922 vart Aal rigsmålsforenings musikkorps (seinare Ål
musikkorps) stifta (Ål Musikk-korps 60 år, 1982).
I 1928 kom Ål Sølvrevsavlslag (s. 282).
I 1975 gjekk Den norske folkemusikkveka av stabelen for
fyrste gong (Haug 1995 s. 70)
Straum
(Solhjell 1989)
I 1900 hadde ikkje ålingane straum til lys, oppvarming og maskinar. Dei
brukte parafinlamper til lyskjelde inne, og peis eller vedkomfyr til
oppvarming.
Seinare
Ål kommunale kraftverk starta opp i 1914 (Solhjell s. 15). Heimane på
Sundre, i Øvre Ål og Torpo fekk straumen fyrst.
I 1926 kjøpte dyrlege Gjørud den fyrste elektriske komfyren i Ål (Solhjell
s. 154).
Mot slutten av 1950-åra vart det verkeleg sving i dei elektriske apparata:
ålingane kjøpte støvsugarar, vassvarmarar, kjøleskåp og symaskinar (Solhjell
s. 154).
Bygningar og institusjonar
Den gamle stavkyrkja på Sundre var erstatta med ei ny (s. 328-332). Leveld og Torpo hadde fått
nye kyrkje og kapell (s. 332-334).
Den gamle Tingstugu på Sundre, bygt av Torkjell
Villand i 1764, var framleis ein fryd for auget - fram til brannen i 1931.
Heilt nytt var badehuset på Sundre (s. 324), som legen Rømcke hadde bygd.
Seinare
i 1922 kom Lien jordbruks- og husmorskule i gang (s.
259).
i 1929 vart Ål gamleheim opna (s. 303). Gamleheimen tok
gradvis over for det gamle systemet med
kår på gardane.
i 1946 vart Ål bygdamuseum innvigd (Breiehagen 1995, s. 19).
I 1956 starta Hallingdal Yrkesskole
(Haug 1995, s. 50). Denne skulen vart seinare til Ål vidaregåande skole.
I 1974 starta Ål folkehøgskole og kurssenter for døve
på Bakketeigen (Haug 1995, s. 50)
I 1992 vart Ål kulturhus
opna.
Bøker og avisar
I 1890 fekk ålingane si fyrste offentlege boksamling (Ål bibliotek før og
no). Denne var i Tingstugu
på Sundre. Elles var det nokre skular og ungdomslag som hadde boksamlingar
(s. 351).
Heime på
gardane var det lite litteratur. Salmeboka og huspostillen (andaktsboka) var
viktigast.
Nokre abonnerte på avisar og blad: Morgenposten, Almuevennen, Buskeruds blad
og Børnetidende.
Seinare
I 1919 starta Ola Perstølen bokhandel på Sundre (s. 351).
I 1931 forsvann mange bøker frå boksamlinga då Tingstugu brann ned (s. 306).
I 1936 starta den lokale avisa Hallingdølen.
Andre viktige hendingar - frå 1845 til 1940
I 1845 reiste den fyrste gruppa med ålingar til
Amerika. Frå 1845 til 1940 var det heile 2378 ålingar som reiste over havet! (s.
300)
I
1876 var det ei stor skredulukke, den største naturkatastrofa i Ål fram til 1950. Heile
grender i Øvre-Ål og på Sundre vart på eit par timar omskapte til skredelandskap (s. 223).
Sist i 1890-åra kom dei fyrste turistane til Ål (s. 283).
I
1931 brann Sundre.
Den gamle tingstugu, fleire butikkar og to hotell forsvann.
Brannen vart grunnlaget for eit nytt, moderne bygdesentrum (s. 306).
I 1940 braut den andre verdskrigen ut i Noreg.
Dei tyske troppane kom til Sundre 1. mai.
Kjelder
Opplysningane er henta frå
Aal bygdesoge. 2 (1952-69)
av Helge Fonnum (forkorta ABS2) dersom ikkje anna er
nemnt. Sidetal står i parentes.
Andre kjelder:
For fleire opplysningar om dei gamle bygningane på
Sundre, sjå
Det gamle Sundre (1996) av Håkon Ulshagen
|