|

Foto: Synne M. Fredriksen © Heimbygda
| Påskemotiv. Kortaket i
Ål stavkyrkje vart måla i mellomalderen, rundt 1300. Det originale
Ål-taket er utstilt på Historisk museum i Oslo. Då Ål kyrkje
stod ferdig restaurert i 1959, var ein kopi av Ål-taket på plass i
koret |
| |
| Åtte av bileta i
Ål-taket følgjer Jesus gjennom "den stille veka",
frå nattverden på skjærtorsdag til
oppstoda på fyrste påskedag. |
|
|
| Påske |
Me feirar
påske til minne om Jesu liding, død og oppstode. Påska er den
største kristne høgtida.
Gamle påskeskikkar var likevel ikkje berre kristne. Dei var òg knytt til garden og bygdelivet.
Den kristne påskefeiringa smelta saman med vårfestar som folk feira for å få
eit år med god avling - og kanskje nye kjærastepar!
Etter kvart kom skikkar som påskeegg og påskehare frå Europa. Rundt 1910 ville turistane
gå på ski i fjellet i påska. Dei drog til Hallingdal med
bil, buss og tog. Og i 1923 kom den fyrste
påskekrimen: Bergenstoget plyndret i natt! |
| |
Skjemt
og alvor
Dåsakvelden
Skikkar
og overtru
Bergenstoget plyndret i natt! |
|
|
| |
| Påskemotiv
frå Ål-taket
|
|