So sea me her!
- døme på dialekt og uttale i hallingmålet
Tilfanget er
henta frå to bøker av Kjell Venås:
So sea me her
(1982, ny utg. 1997) og
Hallingmålet
(1977).
1. Ko e nabne ditt?
I Hallingdal blir ”mn” til ”bn”: hamn blir
habn, jamn blir jabn og namn blir nabn.
2. Ute på joLe
I mange austnorske dialektar, også i halling, finst det ein lyd som me
kallar tjukk L (i lydskrift ein liten ”l” med skråstrek over og prikk
under).
Tjukk L lagar du
ved å bøye tunga opp- og bakover og ”slenge” henne framover mot tennene.
Denne lyden blir bruka både for ”rd” i ord som ”gard” og ”jorde” og for ”l”
i ord som ”Ola” og ”fole”.
Fremst i eit ord vil l’en aldri vere tjukk.
3. Ko
haite du?
Målet i
Ål (ikkje i Torpo) og Hol har ei litt spesiell uttale av diftongane "ei" og
"øy". (Ein diftong er ein glidelyd mellom to
vokalar.)
”Ei” blir uttala ganske opent, mest som ”ai”, og ”øy” nærmar seg
”åi”.
4.
Den vehle jenta
Målet i Ål (ikkje i Torpo) og Hol har frå gamalt ein slags vislelyd (her skriven
”hl”) når det står "sl" inne i eit ord.
Døme: vehle (vesle), Kahlegard (Kaslegard).
Fremst i eit ord blir ”sl” uttala "sl" i Ål og Hol òg.
5. E
du tørping ell åling?
Ålingane utanom Torpo seier ”å” for ”o” i ord som folk (fåLk), godt (gått) og foss
(fåss). Tørpingane og alle dei andre hallingane seier føLk, gøtt, føss.
6.
Talikk å tobakk
Dei aller fleste orda, korte og lange, får i hallingmålet tyngda og trykket på
den fyrste stavinga. Det er svært tydeleg i lånord frå andre språk: "medisin" (med
trykk på sin i ”pent” norsk) blir medesin; "gebiss" (med trykk
på biss) blir jebis (gebis) og "dokument" (med trykk på
ment) blir dokument.
I gamle dagar heitte Amerika ”Amrika” i Ål!
7.
Å rekne på åling (med rett gamal uttale)
1.
Æin
2. To
(eldre: två guta, tvau hus)
3. Tre (eldre: tryå)
4.
Fire
5.
Femm
6.
Seks
7. Sju (sjau)
8. Åtte
9. Nie
10. Tie
11. Elleve
12. TåLv (Torpo: tøLv)
13. Trettan
14. Fjurtan
15. Femmtan
16. Sekstan
17. Søttan (søykjan)
18. Attan (åkjan)
19. Nittan
(nikjan)
20. Kjue
8.
Ålingane ha epplu, tørpingane ha tøffela
Potetar finst det mange ord for, til og med i same kommune! Varianten
”epplu” i Ål kjem av ordet for frukta "eple” (gamalt norsk ord); varianten ”tøffela”
i Torpo kjem frå det tyske kartoffel.
9. E
sit, me sita
I gamalt hallingmål var det av og til ulike former av same verbet, alt etter
om subjektet (den som gjorde noko) var ein eller fleire.
I notid var fleirtalsforma lik på nemneforma (infinitiv, med ”å”):
No sit e; men me sita (å sita).
E lika
mat’n;
men me like
mat’n
(å like).
I fortid fekk sterke verb ei anna og litt lengre form når det var
fleire enn ein som gjorde noko:
E sat; men me soto.
Dei veike verba er like i eintal og fleirtal i fortid:
E
likkte mat’n; og me
likkte mat’n.
10.
De, dikko ell dikkan?
Ordet dikko eller dikkan høyrest kanskje ekstra hallingaktig
ut. Mange
som vil svalle halling i dag brukar desse orda oftare og annleis enn i
gamalt hallingmål.
Det er ikkje dikko som gjer noko, men nokon kan t.d. hjelpe, sjå
eller spørje dikko.
Det heiter ”Kan de koma?”, ikkje "Kan dikko koma?” eller ”Kan dikkan koma?”
Men det er rett å seie
”E såg dikko på Sundre”.
11.
Kyre ligg i myr’n
Substantiva vart i gamalt hallingmål bøygd på mange slags måtar.
Det gamle hallingmålet hadde spesielle
bøyingar for noko me kallar dativformer. Dette var vanleg i
gamalnorsk og blir enno brukt i det tyske språket. Til dømes vart det brukt
vanleg form av substantivet om rørsle til ein stad, men dativform om
det som hender på staden:
Kyre går over myre, men kyre ligg i myr’n.
Dativ-formene har nesten vorte borte frå hallingmålet i dag. Det er
helst eldre folk som brukar det no.
|