|
|
Kva er dosakleu? Det er dos eller stakk og kleda som ein nytter saman med desse. Dose (uttala "dåse", i Torpo: "døse") og stakken (understakken) er ein slags ermelause kjolar og dei viktigaste plagga i folkedrakta for kvinnene i Ål. Til ei dos og ein stakk høyrer det andre plagg som må til for at drakta skal vere heil. Overliv vert festa på og avgjer kor høgt oppe over brystet dose/stakken skal henge. Overlivet vart mindre og mindre oppigjennom åra. Dose (fleirtal: dæsadn) er finast og av svart ullty. Stakken er av grovare ty og grøn eller raudrutete. Den grøne stakken er finare enn den raudrutete (verkensstakken). Stakken var opphavleg bruka som understakk, under dose. Både dæsa og stakkar har dose- eller stakkeband med fint mønster langs kantane. Ei gift kvinne som hadde dosakleu på seg kvar dag var ei dosakjering.
![]() Raudrutete stakk. Eigar: Lise Laa, Ål. Stakkeband i stramei. Eigar: Lise Laa, Ål. Nåleband. Sjå bandstolen som nåleband vart laga med! Les om dosakleu i: Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 151-) av Aagot Noss Les om bandlaging i Ål i: "Bandveving" av Aagot Noss, i: By og bygd. Norsk Folkemuseums årbok (1966, s. 129-139) Sjå uttale av dei ulike kledeplagga i: Me og uss, de og dikko - dialekt i Ål og Torpo (2005, s. 186-187) av Ål og Torpo Mållag |
|
|
|
Kva er ei avardeld? Ei fin kvit skjorte til kyrkje- og høgtidsbruk. Til dose høyrde det ei avardeld av kvitt bomulls- eller linlerret. Ho var ganske kort og kunne ha fint mønster på hals og erme.
Til stakk bruka kvinnene undertrøye av mønstrut,
blomstrut, rutut eller randut (stripete) tøy. |
| |
|
Kva er eit fyrikle? Eit svart, fint plagg til å ha utanpå dose. Fyrikleet vart berre bruka i kyrkja; den som hadde fyrikle på var kyrkjekledd. Fyrikleet er av svart, fint tøy, gjerne ulldamask, og dekkjer heile framsida på dose. Fyrikleet er pynta med fine band med saum eller strameibroderi etter nedre kanten. Tradisjonelt kunne ein bruke ulike band på dos og fyrikle, men etter kvart vart det krav om at dei skulle passe saman. Eit fyrikle er ikkje det same som eit forkle. Forkleet vart bruka utanpå stakken/dose til mindre fint, eller til meir moderne kjole-klede. Les om fyrikle i: Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 223-227) av Aagot Noss Les om dosa- og fyrikleband i: Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 185-195) av Aagot Noss ![]() Dos med fyrikle. Tidlegare eigar: Anna Myro. Dos og fyrikle har ulike band. |
|
|
|
Kva er ei livgjurd? Eit breitt lêrbelte bruka til dos og stakk. Livgjurde (uttala "livjule" med tjukk l) var stor og fin, med metallspenne (gjerne av sylv) og forbokstavane til eigaren på. Men det gjorde dosakleudn litt mindre fine. Ei dos utan livgjurd (laus dos) var finare enn ei dos med livgjurd. Som oftast bruka ein dette beltet til stakk, til kvardags og helg. Det var skreddaren som laga beltet til livgjurde. Sølvsmeden laga spennet. Les om livgjurd i: Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 228) av Aagot Noss ![]() Livgjurd. Eigar: Knut Gunhildgard, Ål. |
|
|
|
Kva er fingreløysu? Vantar utan fingrar. Fingreløysu ("løysu") høyrde til kyrkjekleda og hadde fine mønstre. Dei var av ull (saumaløysu) eller bomull (bomullsløysu). Saumaløysudn vart rekna som dei finaste. Både kjeringar og jenter nytta fingreløysu i kyrkja. Les om fingreløysu i: Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 253-254) av Aagot Noss ![]() Fingreløysu. Eigar: Liv Margit Sørbøen, Ål. |
| |
|
Kva er ei trøye? Ei lita jakke, bruka til fint. Trøyudn var korte jakker som dekka overlivet til dose. Dei vart stort sett nytta i vinterhalvåret. Om sumaren gjekk ein trøyelaus. Det var viktig å ta på seg trøya til rett tid, når lauvet var vekke frå trea. Ei brur hadde alltid trøye, også om sumaren. Konfirmantar hadde ikkje trøye. Det fanst to slag trøyu til dosakleu: opentrøye og kneppetrøye. Opentrøya var open og hadde ein brøstklut til. Ho var finare enn kneppetrøya, som vart lukka over brystet med knappar. Opentrøya kunne berre brukast når ein hadde fyrikle. Både jenter og kjerringar kunne ha opentrøye og kneppetrøye, kjeringane dei finaste. Trøyudn var svært tronge og vanskelege å få av og på. Slik skulle dei vere! ![]() Kneppetrøye. Eigar: Tordis Perstølen, Ål. Les om trøya i: Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 208-222) av Aagot Noss |
|
|