|

Fotograf: Ukjend. Utlånt frå Ål bygdearkiv.
|
Sevat K. Jallo-Sorteberg og Birgit A. Tveito-Sorteberg med åtte
ungar i 1898. Bak frå venstre: Arne, Anne og Birgit. Foran frå
venstre: Birgit, Ågot, Knut, Sevat og Guri. |
| |
| Her ser me eit døme på
finstasen ålingane bruka rundt 1900. Dei to eldste jentene har
jentepannelin, mora har hette med lykkjeplagg. Den eldste jenta og
mora har den finaste trøya (opentrøye), dei andre jentene
kneppetrøye. |
|
|
|
Folkedrakt |
|
I fleire hundre
år har Ål og Hol hatt ei folkedrakt som berre høyrer til i
desse bygdene.
Plagga til folkedrakta endra seg litt etter kvart: dei vart
større eller mindre, skifta fargar og skifta mønster.
Rundt 1900 bruka ålingar flest folkedrakt både til kvardags, helg
og høgtid.
Kvinnene gjekk med dosakleu (stakk og dos), mennene med vest, trøye (jakke) og
langbrok (langbukse).
Kleda var det kvinnene som laga, anten til seg sjølv eller andre.
Mennene stod for alt som hadde med lêr og skinn å gjere. Det fanst
skreddarar som sydde trøye og fine mannsklede.
Det var fargerike band og annan pynt på kleda til kvinnene. Dei laga
mønster sjølv, og det trong ikkje vere likt på alle delane av
drakta.
Det
var viktig å bruke rett plagg til rett tid. Ein kunne ikkje gå
med kvardagsklede i kyrkja, og ein skulle vere fin når ein gjekk
burt fremman (gjekk på besøk).
|
Kledelege
forteljingar
Gå kji som eit haugamennskij!
Skreddaren
Dokkene til Anna Myro |
|
?
Dosakleu
|
| |
| Reiskaper til
å lage klede med
Meir om bruksretten til bilete |
|