|
[ Folkedrakt ] |
|||||||
|
|
|
|
|||||
|
Dokkene til Anna Myro Anna Myro (1912-) vaks opp ei tid då det framleis var vanleg å gå i hallingklede både til kvardags, helg og høgtid. Ho har arbeidd for at folk skal hugse korleis dei gamle folkedraktene var. Gjennom heile livet har ho sauma sjølv, halde kurs og pynta brurefolk. Anna har òg kledd opp dokker med folkedrakter som var i bruk då ho vaks opp. I 2006 gav ho elleve dokker, ti jentedokker og ei gutedokke, til Ål bibliotek. Ingen av dei er like. Nokre har sykneklede (kvardagsklede), andre er pynta til helg eller høgtid og fest. Biblioteket fekk òg eit gamalt hårlag (hovudplagg til brur) som Anna hadde sett i stand. Dokkene og hårlaget står i ei utstilling på biblioteket. |
|||||||