|
[ Folkekunst ] |
|||||||
|
|
|
|
|||||
| Skinnfellroser Av tre kan ein lage "skinnfellroser" (stempel) til å trykkje på saueskinnsfellen med. Kokt bork frå bjørk eller or var trykkfarge. Nokre har vore flinkare til å "barke" (garve), reie, sy og pynte skinnfellar enn andre. Dei trykte mønstre og figurar - sol, stjerner, hjarter, planter, dyr og menneske - på skinnfellen. Bokstavane og fødselsåret til eigaren var også med. Skinnfellane var dyne i sengene og teppe i sledane. |
|||||||