Garden: Ordliste
Bonde (norr bóndi, búandi,
eigl pr pt av búa 'bu, ha bustad')
1) person som driv jordbruk på eigen (eigne) gard(ar) og lever av det;
gardbrukar, eller
2) gardmann, til skilnad frå husmann og strandsitjar, eller
3) gardmann med heller stor gard, til skilnad frå småbrukar
Bufar(ing): flytting til eller frå stølen
Eng (norr eng): grasmark
til slått (el. beite)
Fôr (norr fóðr; smh med føde)
1) mat til husdyr, eller
2) det å fôre eit husdyr om vinteren
Gard (norr garðr; eigl 'inngjerding')
1) leigedom, bustad med hus og
dyrkingsjord (over eit visst areal)
2) inngjerda jordstykke
Gimber (dialekt: jimmer; norr gymbr): årsgamal hosau
Harv (dialekt: horv; norr harfr): jordbruksreiskap med tindar eller skåler brukt til å smuldre og
jamne jorda med etter pløying
Harve: køyre over åkeren med harv
Hesje
1) rekkje av staurar (stokkar) oppsette med høvelege mellomrom og samanbundne med
stenger el. ståltråd i fleire høgder til å tørke høy el. korn på
2) hengje gras eller korn på hesje
Husmann (norr húsmaðr)
1) mann som får bruke eit stykke jord (ein plass) av ein gardbrukar mot
visse plikter (særleg arbeidsyting), eller
2) mann med hus, men utan jord
Høy (norr hey): slege gras som er tørka (el. som skal tørkast)
og skal nyttast til husdyrfôr
Hone (dialekt: Honæ): årsgamal geit
Livdyr:
ungdyr som skal fôrast opp og brukast til avl el. til å gi avdrått
(mjølk/ull), motsetnad til slaktedyr
Onn
1) hardt utearbeid på ein gard, i regelen på ei viss årstid (skurdonn,
våronn osv.), eller
2) tid da ein driv onn
Plass (norr plaz n, gj lty frå lat. platea 'brei gate';
smh med plate)
1) område, areal nytta til særskilt føremål, eller
2) husmannsplass
Plog (norr plógr) reiskap
til å pløye åker med leggje nytt land under p-en
Pløye (norr pløgja): brøyte, skjere gjennom noko (med ein plog
el. som ein plog)
Skurd/skur (norr skurðr; av III skjere)
1) det å skjere, kutte og hauste korn el. anna frøavling (for hand, med
maskin), eller
2) korn som skal skjerast el. er skore
Slaktedyr: dyr som fôrast opp til slakting
Slått
(norr sláttr; av II slå)
1) det å slå gras, eller
2) tida for høyonna, eller
3) slåttemark, eller
4) gras som skal slåast/er slått
Småfe: samnemning på sau og geit
Staur
(norr staurr): lang stav, stokk som er spissa i den eine enden
gards-, hesjes-, korns-;
Storfe: større husdyr, særleg kyr
Støl (seter):
1) beiteområde med hus, sel (på fjellet) der ein har buskapen om sommaren
2) stølshus (med vollen kring); stølsgrend
Treskje (norr þreskja): skilje korn el. frø frå høy og halm
med treskjemaskin el. (før) med tust
Åker (norr akr, ákr; smh med
agrar, agronom)
1) jordstykke der det blir dyrka korn, rotvekstar, oljevekstar osv, eller
2) grøde som veks på ein åker
Henta frå:
Nettutgåva av Bokmåls-/Nynorskordboka, URL:
http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html
Me og uss, de og dikko av Ål og Torpo Mållag
|