|
Foto: Ukjend/ Ål bygdearkiv
| Slått på Nørdre Oppsata i
1930-åra. Frå venstre Knut Kristmoen, Lars Opsata, Ragnhild Nilsen
og Borghild Eilevstøl. |
| |
| Slåttonna var viktig
på garden. No skulle fôret i hus. Alle var med i dette arbeidet -
menn med ljåen, kvinner med riva og hesten framom vogna. |
|
|
|
Arbeidet på garden |
Heile året var
det mykje arbeid på garden, både ute og inne. Mykje av dette
arbeidet var knytt til dei tre store onnene - våronn, slåttonn og
skurdonn.
Bøndene hadde òg arbeid med vedlikehald: reparering av vegar, hus,
gjerde, reiskapar og klede. Trehogst gav nye byggemateriale og
ved til fyring. Jakt og fiske gav meir mat på bordet og pengar i
skrinet.
I tillegg kom det daglege arbeidet kvinnene hadde med matlaging,
klesvask og fjøsstell.
Borna hjelpte til så snart dei var store nok. Dei var verdifull
arbeidskraft.
Ein mann eller ei kjerring som var god til å arbeide fekk godt rykte
på bygda.
|
| |
Arbeidsame
forteljingar
Utearbeid
Kveldsetu
Handel og sjølvberging |
|
?
Slått
?
Gjeting
? Buskapen
? Ut å tene
|
| |
| Bilettekst
|
|