|

Ukjend fotograf / Ål bygdearkiv
| Potetopptaking i Bomberud
i 1930. |
| |
| Poteten har vore dyrka
i Hallingdal i snart 250 år. Denne ganske smaklause knollen
gjorde slutt på sjukdommen skjørbuk. I Ål kalla dei poteten for
eple, ei forkorting for jordeple. Poteten
kunne brukast som erstatning for mjøl. |
|
|
| Kvardagsmat |
For hundre
år sidan laga ålingane mat av det dei hadde på garden: korn,
kjøt og
mjølk. Frå skogen og fjellet fekk dei bær og fisk. Det var sjeldan at
dei kjøpte mat.
Folk hadde korkje kjøleskåp eller fryseboks,
så dei måtte lagre maten kaldt i kjellar og bu. Dei lagra kjøt,
brød og annan mat i store mengder. Kjøt som skulle ligge lenge
måtte spekast.
Det var få endringar i matskikkane i Ål før komfyren kom sist på
1800-talet. I dag har me høve til meir variasjon i kosten, men kanskje
ikkje alt me et er så sunt?
|
| |
Kvardagslege forteljingar
Tid for mat
Takkebakst
Kjøt og fisk |
|
?
Kortreist
mat |
| |
|
|
|