|
Foto: Ukjend
|
Gunhild L. Bjella med separatoren på støl i Toviki, 1950-åra.
|
| |
I hundre år har
separatoren vore fast inventar på
stølane og gardane i Ål. Han vart eit godt hjelpemiddel
for å skilje mjølk frå fløyte. |
|
|
| Mjølk |
Mjølk frå
ku eller geit har alltid vore viktig både til drikke og matlaging i
Hallingdal. Av mjølka har dei laga både
kvardags- og festmat.
Om våren og tidleg på sumaren sette dei
mjølk til lagring i kjellaren på garden, eller i mjølkebua når dei var på stølen.
Då fekk dei surmjølk til hausten.
Når skumma mjølk vart lagra lenge kom det
blende oppå, som saman med vatn hjelpte godt for tørsten i
slåttonna.
Etter kvart sendte folk mjølka
frå seg til meieri med hest og mjølkebil. I 1933 vart mjølka frå Nystølan og Trettestølan henta med bil for fyrste gong.
Det var stor stas når mjølkebilen kom. Folk kunne sitje på ned
til eller opp frå bygda, eller dei kunne få mjølkemannen til å
gjere ærend for seg.
|
| |
Søte
og salte forteljingar
Mjølking på stølen
Ost og prim
Kinning og smør |
|
?
Te pynt og nytte
?
Oppskrifter på mjølkemat |
| |
|
|
|