|
|
|
|
|||||
| Stutar-Kari Ei kjerring kalla dei Stutar-Kari, fordi ho var så flink til å låte på "prillarhorn" eller "stutarhorn". Ho ville helst gjere alle ting sjølv. Ein vår skulle dei buføre til stølen. Dottera vart send i veg med kyrne, og minstebarnet vart med, for elles ville det vore i vegen i vaskinga og bakinga, medan Kari "snugga av" (gjorde i stand) for sommaren. Det var seint på dagen. Ho hadde vaska ferdig "stugu". No sat ho i eldhuset og baka. Då ho kjevla ut den siste leiven (lefsa) høyrde ho ein fin prillarhornlått ned i gjennom peispipa. Det var jenta på stølen som "hulla": "Det vanta (mangla) meg mjøl, og det vanta meg brød. Det vanta meg salt og det vanta meg alt. Eg skal drive på, men vesle guten han gret no då-å-å." Då gjekk Kari ut med prillarhornet sitt og svara jenta på stølen: "Jenta mi, jenta mi, stri deg du! Mjølka ho renn, og leiven han bren n, å sulle du barnet til mor hans kjem." Same dagen reiste Kari etter til støls. Då hadde ho "snugga i frå seg" heime. |
|||||||