Nytt i Heimbygda!
21.12.11 Ål utvikling har lansert
panoramafilmar frå ulike stader i Ål! Desse er det lenka til på
Andre stader (under Ål
utvikling/ Ål turistinformasjon).
14.11.11 Oppdatering av lenkjene på Heimbygda
er i gang. I 2008 kom det ein lokal dvd om draktskikken i Øvre
Hallingdal (Tre kvinner og ein draktskikk), denne er no nemnt på
sidene Kjelder,
Forteljing 1
og Forteljing 3
under emnet folkekultur. Nettstadene Skolenettet og Kulturstreif er lagt
ned, så lenkjene til desse er fjerna.
28.09.11 Ny lenkje for emnet stølsliv: filmen
"Stølskona" (1964) er publisert i Nasjonalbiblioteket sin digitale
katalog (NB Digital), den syner stølsdrift i Ål på 60-talet. Me har òg
lagt ut lenkje til NB Digital på Andre stader.
14.09.10 Nettredaktøren har starta arbeidet
med å oppdatere emneord i koden på sidene. Me håper at det vil gjere at
Heimbygda kjem lenger opp på trefflistene ved søking i t.d. Google.
14.06.10 Heimbygda har no
lenkje til
den lekre nettsida Ål52. Her er det 52
turtips frå heile kommuna, fleire av stadene med turmål frå eldre tider.
Kjeldesidene under emna Høgtider i året, Høgtider i livet, Vatn og
Garden har fått eigne lenkjer.
22.02.10 Lenkjene på oppgåvesidene (Spørsmål
og svar) er retta opp. Dermed skal alle lenkjer vere i orden. Elles er
det lagt ut tips om Heimbygda på Facebook (gruppene "Ål i Hallingdal",
"Hallingdal" og "Hallingmålets
venner").
12.02.10 Lenkjene på
Folkekultur og
Mat er retta opp.
11.02.10 Lenkjene på
Vatn og
Stølsliv samt
Ål i 1900 er retta opp.
10.02.10 Lenkjene på Kommunikasjon
(Jernbanen), Utvandring og
Høgtider i livet er retta opp.
03.02.10 Godt nytt år! No er arbeidet med
lenkjene i gang. Sidene under emna Høgtider i året,
Forhistorie,
Dialekt
og Eventyr skal no vere i orden.
22.12.09 Lenkjene til bokbasen Aleph må
byttast ut grunna tekniske oppdateringar. Me skal gjere det så snart me
kan!
24.09.09 Ny lenkje på
Andre stader: historier.no. Historier.no
har lagt ut ei lenkje til Heimbygda!
16.09.09 Nye lenkjer under emna
Eventyr,
Høgtider i året,
Dialekt og
Garden: forteljingar frå Ål
på nettsida historier.no.
30.07.09 Sida
So sea me her er no
oppdatert etter vegleiing frå forfattar Kjell Venås.
26.06.09 Då er emnet Dialekt (Hallingmålet)
ferdig med ei hovudside,
ei forteljing
(dialektprøve) og So sea me her.
På
kjeldesida er det verd å
merke seg referansane til artistar som syng på halling!
Dialekt vert det siste emnet før redaktøren tek ein pause med Heimbygda. Ho
vil halde fram med marknadsføring av sida for skular og andre
interesserte.
04.05.09 Emnet
Jernbanen
er no ferdig, med ei forteljing og tre biletsider.
31.03.09 Utbygginga av Heimbygda blir sett på vent frå hausten 2009.
Fram til sumaren håpar eg å bli ferdig med tre emne.
09.03.09 Eit bilete til forteljinga
Handel og sjølvberging
er lagt ut. Emnet
folkedrakt
er ferdig. Siste nytt er ein biletserie om reiskaper til å lage klede.
20.06.08 Bilete frå Ål bygdearkiv sitt
bunadsregister er lånt og vil etter kvart dukke opp på spørsmålssida om
dosakleu.
28.04.08 Ny spørsmålsside om
dosakleu er laga. Emnet
folkedrakt er under arbeid, ei
forteljing
er publisert.
10.04.08 Synne presenterte Heimbygda på eit styremøte i Ål
historielag.
07.01.08 Emnet Arbeidet
på garden er ferdig.
26.11.07 Lenkjer til ei god juleside (Schulze)
er lagt ut på sida Andre stader.
01.10.07 Sida Ål i 180 år er omarbeidd og heiter no
Ål i år 1900. Enjoy!
11.06.07 Arbeidet med Arbeidet på garden er i gang.
30.04.07 Ny lenkje på
Andre stader: Minneoppgavene for eldre.
Her er det personlege minne frå heile landet, nokre direkte knytta til
Ål.
01.03.07 Emnet
Folket på garden er
ferdig vurdert og lagt ut. Det er også spørsmålssida om
skulen. Tusen takk til Sando skule for
innspel!
26.02.07 Ei ny side,
Ål i 180 år, er gjort ferdig. Her er det
ei liste over viktige hendingar i Ål dei siste 180 åra. Ynskjer innspel.
Elles er alle turmåla no oppdaterte. Nokre stader (t.d. under emnet
Vatn) trengst det nærare
forklaring på korleis ein kjem seg fram til turmålet.
18.12.06 Ein demoversjon av emnet
Folket på
garden er lagt ut og skal testast av ein av barneskulane i Ål etter jul.
14.12.06 På eit møte i Ål si DKS-gruppe vart det uttrykt
ynskje om at skulane i Ål vert testskular for Heimbygda. Dei skal kome
med innspel til vinklingar og teste demosider. Skulane får eitt emne
kvar, og ein håpar å få til eitt emne (eventuelt delemne) per semester.
Nettredaktøren vil framleis ha arbeidet med å legge ut tekst og bilete.
20.11.06 Alle lenkjene frå "Folk"-sidene til
dokument i Ål bibliotek er no oppdaterte.
13.11.06 Ei ordliste med
ord om garden er lagt ut på emnesida.
07.08.06 No er lenkjene oppdatert på "Emne"-sidene. Emnet
Garden er under utbygging.
22.06.06 Lenkjene til dokumenta i Ål bibliotek
må leggjast om grunna tekniske oppdateringar. Me vil prøve å ordne dette
så snart som mogeleg.
14.06.06 Møte med styret i Ål bygdearkiv om
bruksrett til bilete. Her kom me fram til at nettredaktøren skal setje
alternativ tekst til kvart bilete frå bygdearkivet, der bruksretten kjem
klart fram. I tillegg håpar me å få til ein skriftleg avtale med arkivet
etter kvart.
20.05.06 Emneområdet
Mat er ferdig. Nokre bilete er
ikkje lagt ut enno. Bruken av bilete frå bygdearkivet er foreløpig
utsett på grunn av ein gjennomgang av rutiner og bruksrettar.
11.01.06 Heimbygda er no publisert med
ein ny adresse: http://www.heimbygda.no.
Dette er i samanheng med ei omlegging av adressene til
Hallingdalsbiblioteka. Me håpar at dette vil gjere det enklare å finne
nettstaden!
19.12.05 Til hausten vil ein ny
læreplan, Kunnskapsløftet, bli innført i Ål. Dette vil ha innverknad
på bruken av Heimbygda. Nettredaktøren ser på dette med tanke på
vidare arbeid.
12.12.05 Arbeidet med emnet Mat
er godt i gang, og vil vere ferdig utpå vårparten 2006. Julesidene
ifrå Danmark er lagt ut att; sjå lenkjer.
13.06.05 Nettredaktøren oppdaterer seg
for tida på dei juridiske spørsmåla ved bruken av Heimbygda.
Ikkje ta utskrifter eller bruk materiale frå sidene utan å kontakte
redaktøren fyrst. Sjå Rettleiing!
02.05.05 Nytt emne på "Andre
stader": 1905 - Norge, Sverige og unionen.
1905-nettsida er ein del av Prosjekt1905.
14.03.05 Påskesidene
er lagt ut. Her er det rom for tilbakemelding og tips om nytt stoff.
Spørsmål og svar er ikkje ferdig.
07.02.05 Leveld skule fekk besøk av
nettredaktøren, som vegleidde lærarane i bruk av Heimbygda og i søking
i biblioteksbasen. Konstruktive tilbakemeldingar. Ein lærar gav råd om
å leggje ut kart til turmål. Dette vil me prøve å fylgje opp når kart
over Ål blir oppdatert til hausten.
04.02.05
Sida med rettleiing er
revidert. Fint med tilbakemelding. Oppdatering av lista Andre
stader. Merk spesielt link til Riksantikvaren sine sider om opprusting langs svenskegrensa! Merk òg at
dei danske julesidene som blei lagt inn 9. desember fyrst kjem opp att til
neste jul.
13.12.04. Synne M. Fredriksen tek over
som redaktør 3. januar. Elisabet S. Amundsen har siste arbeidsdag 16.
desember. God jul!
09.12.04. Statens arkiver i Danmark har
opna Arkivets
historiske julesider! Hugs at i Heimbygda finn du lesetips om julefeiring i
Hallingdal! Gå inn på Høgtider i året.
01.11.04. Lærarane på Nedre-Ål skule
fekk opplæring i bruk av Heimbygda 5. oktober. 25. oktober var det
Sando og Torpo sin tur. Takk til Nedre-Ål for lån av datarom! Neste
skule ut er Ål ungdomsskule 8. november kl. 1445-1545.
04.10.04. Kast
og sprett i lausdansen i 1930-åra ligg ute med tekst og bilete.
27.09.04. Nokre av tekstane til Folkemusikk
er lagt ut. Resten, saman med bilete og lyd kjem seinare.
30.08.04. Heimbygda følgjast
opp på rektormøtet 7. september.
30.08.04. Lærarane på Skattebøl skule fekk opplæring i bruk av Heimbygda
6. september kl. 1400.
30.08.04 Folkemusikk er under arbeid. Me startar med dans, som
er ein del av "Folkekultur i skulen" ved Ål kulturskule.
23.08.04. Folk
med rundt 140 namn vart for stor og tung å laste opp. Fila er no delt i
7. Gje redaktøren melding om feil på lenkjene.
20.08.04. Synne M. Fredriksen er tilsett som barnebibliotekar i 100 %
stilling frå 15. september. Ho blir den nye redaktøren for Heimbygda.
Elisabet S. Amundsen vikarierer for ho fram til jul.
09.08.04. Folkekunst
nærmar seg ferdig, berre bileta for treskjering, rosemåling og
skinnfellroser manglar.
05.07.04. Det er sommarfri for Heimbygda
fram til 2. august. God sommar!
07.06.04. Undervisningsplansjar har
inspirert elevar i meir enn 100 år. Sjå "De
klassiske undervisningsplansjene"!
10.05.04. Heimbygda er godkjent
og registrert som læringsressurs i Utdanning.no!
13.04.04. Meir folkemusikk under Folkekultur.
Nye tilvisingar til film, lydband og cdar hjå Ål bibliotek.
29.03.04. Hugs at i Heimbygda
finn du lesetips om påskefeiring i Hallingdal! Gå inn på Høgtider i året.
Her er lista over bøker no delt inn i gruppene helg, jul, påske, pinse
og jonsok.
20.02.04. Noregs Lærarmållag
ynskjer å høyre meir om Heimbygda. Det skjer på ope møte i Ål
bygdearkiv, fredag kl. 1900.
09.02.04. Nye tilvisingar til bøker om
Folkekunst,
særleg treskjering.
02.02.04. Folkekultur
og Eventyr og folketru har
fått fleire emneord for å søkje etter generell litteratur. Dei nye
emneorda er: brukskunst, husflid, folkekunst, treskjering, bunader,
folkedrakter, søljer, balladar, folkeviser, stev, folkedikting
02.02.04. Folkeviseautomaten
lærer deg om balladar!
26.01.04. Lista over bøker om Folkekultur
er no delt inn i gruppene folkekunst, folkedrakt og folkemusikk.
14.01.04. Heimbygda samarbeider
med Ål kulturskule om
prosjektet "Folkekultur i skulen", ein del av Den
kulturelle skulesekken i Ål kommune. Prosjektet er finansiert med
støtte frå ABM-utvikling.
22.12.03.
Gamle Naboar lærer deg meir om
arkeologi på Vestlandet, men òg i kommunen din.
22.12.03. Gjennom lokalhistorie.no
kan du finne kjelder frå Ål og lære meir om
bygdebøker.
22.12.03. Terra
Buskerud har stoff frå Hallingdal!
08.12.03. Husa på garden er under
arbeid.
01.12.03. Hugs at i Heimbygda finn du lesetips om julefeiring i
Hallingdal! Gå inn på Høgtider i året.
17.11.03. Lenkjene frå Heimbygda til bokbasen var
brotne. Dei er no i orden.
03.11.03. Kjærlaug Pedersen har permisjon fram til hausten 2004. Elisabet S. Amundsen
vikarierer som
redaktør for Heimbygda i 20 % stilling. |