Nettstaden Heimbygda vart lansert 23. mai 2002 etter eit samarbeidsprosjekt mellom grunnskulen i Ål, Ål bygdamuseum og Ål bibliotek frå 1999 til 2002. Meir enn 4000 arbeidstimar gjekk med og omlag kr. 900 000 i eigeninnsats og ABM-midlar frå staten, fylket og kommunen. Heimbygda-prosjektet vart det fyrste ABM-prosjektet (arkiv, bibliotek og museum) i Ål kommune. Initiativet kom frå ein bibliotekar som såg at det vart meir prosjektarbeid etter L97 - Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen. Samstundes har eit nytt felt opna seg dei siste tiåra: formidling av kulturarv gjennom digitalisering. Slik er prosjektet eit svar på utfordringar og moglegheiter som mange lokalsamfunn møter i dag. Prosjektet vart eit av sju i paraplyprosjektet Skjermkontakt med lokalhistorien (1999-2001) ved Statens bibliotektilsyn. Prosjektleiarane utgjorde ei nettverksgruppe, som gjennom rapportar og møte drog nytte av erfaringane til kvarandre.
|
|||