Rettleiing til Heimbygda
Heimbygda er ein nettstad for alle, særleg
lærarar og elevar i grunnskulen, som ynskjer å finne ut meir om Ål si
lokalhistorie. Nettstaden er ikkje berre ein enkel presentasjon av
lokalhistoria, men òg ein inngangsport til meir informasjon om emnet.
Litt om tankane bak nettstaden finn du her.
Verd å merke seg
Framstillinga byggjer i stor grad på
lokalhistorisk litteratur, der munnlege kjelder har vore utgangspunktet.
Hovudvekta ligg på dagleglivet i Ål frå 1800 fram til tidleg på
1900-talet. Boktilvisingane er lenka direkte til Ål
bibliotek sin bokbase. På den måten finn du fram til høveleg materiale som du kan
låne på biblioteket.
Kva er (ikkje) lov?
Det er lov å lagre bilete og tekst på eigen maskin, og skrive ut sider til
deg sjølv, familie og vennar (ikkje for mange!).
Deling (på data eller på papir) av bilete eller tekst i fulltekst (alle
orda) er ikkje tillate
utanom privat bruk. Du kan ikkje sjølv leggje bilete og
forteljingar frå Heimbygda ut på Internett.
Elevar kan nytte tekstar og bilete frå Heimbygda til eigne skuleoppgåver og prosjekt.
Hugs å skrive kor du fann materialet (sjå Heimbygda:
Å nemne kjeldene).
Kontakt
nettredaktøren viss du er i tvil!
Skolenettet sine sider om opphavsrett
Korleis er Heimbygda bygd opp?
Heimbygda er ei nettside der tekstar og bilete er lenka til kvarandre:
- Alle understrekte emneord og namn
fører til nye sider med
tekstar og personopplysingar. Feite og understrekte boktitlar fører til bokbasen på Ål bibliotek.
- Ord med ? er lenkjer til sider
med spørsmålsoppgåver (sjå nedanfor).
- Når du klikkar på eit lite bilete
kjem det fram i større format.
Menyen
Den venstre kolonnen (menyen) du ser på
startsida står fast same kva for side du går inn på.
I menyen får du seks val:
1) Emne
2) Folk
3) Søk i bokbasen
4) Andre
stader
5) Nytt!
6) Spør oss
Når du klikkar på Heimbygda-ikonet i menyen kjem du alltid attende
til startsida.
|
1) Emne
Her kjem du til ei oversikt over emna i Heimbygda. Kvart emne seier noko
om ålingane sitt liv før i tida.
Det finst 12 hovudemne. Nedanfor er
hovudemna Garden, Stølsliv, Mat og Vatn.
Kvart hovudemne er vidare delt inn i underemne. Hovudemnet
Garden har underemna Husa på garden, Arbeidet på garden og Folket på
garden.
Når du klikkar på underemnet får du ei side med informasjon i tekst og
bilete. Etter kvart skal du òg kunne høyre på lydfiler.
Du finn lenkjer vidare til tre forteljingar, og til gode spørsmål og svar.
Kva er "Kjelder og turmål"?
Under kvart hovudemne ser du ei lenkje til
Kjelder og turmål. Klikk på lenkja, og du finn ei liste over
bøker, filmar og lyd som handlar om dette emnet.
Viss du klikkar på ein boktittel eller på eit emneord heilt
nedst på Kjelder og turmål-sida kjem du til bokbasen til Ål bibliotek. Der kan du finne ut
meir om bøkene og om dei er inne på biblioteket. Du kan òg sende melding til
biblioteket om ei bok du ynskjer å låne.
På samme sida er det òg forslag til turmål i
Hallingdal.
Kva er "Spørsmål og svar"?
Klikk på Spørsmål og svar og prøv
å løyse oppgåver! Her får du svar på spørsmåla, og du får vite korleis
du kan finne ut meir om emnet.
2) Folk
Her finn du ei alfabetisk liste (på etternamn) over folk som er omtalt i Heimbygda, med korte opplysningar om når dei
levde og kva dei har gjort.
Du finn lenkjer til sider i Heimbygda der
personen er nemnt.
3) Søk i bokbasen
Her kjem du rett til søkjesida for bokbasen i Ål bibliotek.
Du er på eiga
hand og kan søkje etter bøker om særskilte emne, eller bøkene til ein
forfattar.
4) Andre stader
Her finn du lenkjer til nyttige nettstader utanom Heimbygda
som du kan bruke i arbeidet ditt.
For kvar nettside får du kort
informasjon om kva sida inneheld, og tips om spesielt relevante emne.
5) Nytt!
Har det kome inn nytt stoff eller andre endringar i Heimbygda? Skal det
vere møte om nettstaden? Då vil du finne ei melding om det her.
6) Spør oss
Send ein e-post til redaktøren for Heimbygda. Har du spørsmål, finn du
feil eller manglar, skriv til oss. Alle tips og idear vil vere verdifulle innspel.
Lykke til!
|